| Description: |
Det overordna målet med denne oppgåva er å samanlikne to litterære omsetjarar sine stilar i omsetjing frå norsk til engelsk med fokus på kulturspesifikke gjenstandar, faste uttrykk og dialekt. Dette er gjort gjennom å analysere element frå kjeldeteksten og dei tilsvarande omsetjingane i målteksten, og identifisere prosedyrane som vert brukte av omsetjaren. Desse prosedyrane er så kategorisert som enten domestiserande eller framandgjerande for å kunne samanlikne på tvers av hovudkategoriane. Omsetjingane som er analyserte er Police og The Thirst, omsetje av Don Bartlett og Neil Smith, som er omsetjingar av romanane Politi og Tørst skrive av Jo Nesbø. Kvar måltekst (TT) vert analyserte for seg før dei vert samanlikna med kvarandre for å sjå etter likskapar og skilnader mellom omsetjarane sine val. Det er også gjennomført eit intervju med Neil Smith for å få eit klarare syn på korleis omsetjingane til Don Bartlett har påverka omsetjingane hans, og kva andre faktorar som har påverka stilen hans i denne spesifikke omsetjinga. Det denne studien viser er at når det gjeld dei overordna omsetjingsstrategiane, har begge omsetjarane gått for domestisering, noko som bringer omsetjingane nærare målgruppa. Skilnadane mellom omsetjarane kan sjåast på dei lågare nivåa av omsetjingar. Dette kan ein sjå i prosedyrane som er valde, spesielt for kulturspesifikke gjenstandar. Desse skilnadane er det som kan tilskrivast stilen til omsetjarane. ; The overall aim of this thesis is to compare two literary translators’ styles in translations from Norwegian to English, with a focus on culture-specific items, fixed expressions, and dialect. This has been done through analyzing items from the source text and the corresponding translations in the target text, identifying the procedures used by the translator. These procedures have then been categorized as either domesticating or foreignizing to be able to compare across the main categories. The translations that have been studied are Police and The Thirst, translated by Don Bartlett and Neil ... |